Hopp til innhaldet

Om Miljøvedtaksregisteret

Miljøvedtaksregisteret er eit offentleg register som gir allmenta fri tilgang til enkeltvedtak og forskrifter på miljøområdet. Enkeltvedtak knytt til rovvilt, områdevern, utanlandske treslag, prioriterte artar og utvalde naturtypar er blant vedtaka som skal registrerast i Miljøvedtaksregisteret, jf. forskrift 14. juni 2013 nr. 643 om Miljøvedtaksregisteret.

Styresmakta som har treft enkeltvedtaket har plikt til å registrere vedtaket i Miljøvedtaksregisteret. Enkeltvedtak skal registrerast seinast tre yrkedagar etter at parten er underretta om vedtaket. Registrering i Miljøvedtaksregisteret erstattar ikkje plikt for offentlege styresmakter til å kunngjere og varsle etter forvaltingslova, naturmangfaldlova og andre lover. Miljødirektoratet har laga ei rettleiing til registrering av vedtak i registeret. På Miljødirektoratets nettsider finn du rettleiing til registrering av vedtak Ekstern lenke.

I kartinnsynsløysinga til Miljøvedtaksregisteret kan du søke etter enkeltvedtak ut frå kvar saka er lokalisert. Merk at lokaliseringa er ein representasjon av vedtaket, og ho vil ikkje nødvendigvis vere eksakt. Vedtak vil vere lokalisert ved eit representasjonspunkt og/eller i aktuelle fylke/kommunar.

Miljødirektoratet driftar Miljøvedtaksregisteret og tilbyr brukarstøtte. Spørsmål og meldingar om feil kan sendast på e-post til miljovedtak@miljodir.no. Enkeltvedtak etter forureiningslova er ikkje tilgjengeleg i Miljøvedtaksregisteret, men kan finnast på Norske utslipp (www.norskeutslipp.no).

Versjonsnummer: 2.2.0